Osterøyelev vann skulekonkurranse i CNC

thumb_justert_bilde_vinnar_CNC_2012Torsdag 26. april 2012 vart det arrangert finale i skulekonkurransen i CNC på Nordhordland Industriservice på Radøy.

I finalen var det tre deltakarar, ein 2. års TAF-elev og ein VG2-elev frå Knarvik vidaregåande skule og ein VG2-elev frå Osterøy vidaregåande skule.

Elevane fekk utlevert oppgåva ei veke på førehand slik at dei kunne trena fram mot  konkurransen.

På konkurransedagen fekk elevane utlevert ei ny teikning der ein del mål var endra i høve til øvingsoppgåva.
Ut frå denne teikninga måtte dei programmera og produsera ein del i maskina.Dei fekk 5 timar på seg til å levera ferdig produsert del,  og hovudfokuset var å produsera rett del innafor tildelt tid.

 

Resultatet vart vurdert av to dommarar, ein frå Nordhordland Industriservice AS og ein frå Modell Prototyping Maskinering AS.

premieutdeling_cnc_2012Fredag ettermiddag var det premieutdeling på Nordhordland Industriservice.Alle tre kandidatane hadde gjort ein flott innsats.  Men suveren vinnar av konkurransen vart Morten Lone Kallekleiv frå VG2 Industriteknologi på Osterøy vidaregåande skule.

Hovedpremien som alle dei tre finalistane fekk, var eit tre dagars kurs på Kongsberg Technology Training Centre AS (K-tech) på Kongsberg.   Reise, opphald og kurs er sponsa fullt ut av K-tech og bransjeorganisasjonen Norsk Industri.
Dessutan hadde mange leverandørar stilt opp med flotte premiar til alle tre kandidatane.

Både kandidatane, skulane og bedriftene som er med på å arrangera slike konkurransar ser det som viktig og verdifullt å delta i slike konkurransar. 

Elevane får god trening i å vera nøyaktige og arbeida under tidspress. Vi oppfordrar difor fleire skular til å senda kandidatar til neste års konkurranse !

Sjå også desse lenkene:

http://www.strilen.no/nyhetsarkiv/sikrar-seg-jobb-for-framtida/

http://www.nhil.no/index.php/kompetanseprosjektet/konkurransar-innan-yrkesfag

 

Sist oppdatert måndag 07. mai 2012
 
VELLUKKA STUDIEOPPHALD I TYSKLAND

Frå venstre Ken Robin Køhne, Morten Kallekleiv, Jostein Skjerping og instruktøren ved VHS-Bildungswerk, Martin FritzlerTo elevar frå VG2 Industriteknologi og ein lærling frå Mjøs Metallvarefabrikk AS har nettopp avslutta eit tre veker langt studieopphald i Tyskland.

Vertskap for dei tre var avdelingsleiar for elektro og
metall, Karsten Bøttcher, frå Berufliche Schule des Unstrut-Heinich-Kreises i Mühlhausen i delstaten Thüringen.

Turen var finansiert gjennom EU-programmet Leonardo da
Vinci, mobilitet.

At studieopphaldet fann stat i Mühlhausen i Tyskland
skuldast at skulen var ein av dei 11 partnerane  i det nyleg avslutta prosjektet «CNC and Robotics Partnerships» der også Osterøy vidareegåande skule var med.

Eit av dei viktigaste delmåla for dette prosjektet var å få til mobilitet, og vi vil halda fram med å søkja midlar og halda kontakten med andre partnerar i prosjektet slik at det vil bli mogeleg for fleire elevar og lærlingar å reisa
ut.

Den første veka var elevande delvis på skulen og delvis på VHS-Bildungswerk in Thüringen, som er eit treningssenter for mellom annaCNC.  Denne institusjonen var også med i CaRPs-prosjektet.

Resten av tida var dei innom tre ulike industribedrifter som dreiv med ulike former for CNC-styrt produksjon, mellom anna deler til bilindustrien og til produksjon av gaffeltruckar.

Dei tre gir uttrykk for at dei hadde eit interessant og lærerikt opphald der dei fekk oppleva både tysk skulesystem og arbeidsliv, og læra om andre kulturar.  Ikkje minst var det spennande å bruka engelsk som arbeidsspråk.

Hovudinntrykket dei sit igjen med er at disiplin og respekt er langt sterkare enn det ein opplever i Norge.

Dei vil absolutt anbefala andre å gripa sjansen dersom dei får tilbod om utanlandsopphald.

Sist oppdatert fredag 13. april 2012
 
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen besøkjer Osterøy vidaregåande skule

robot_106Kunnskapsminister Kristin Halvorsen besøkte tirsdag 26. oktober 2010 Osterøy vidaregåande skule. Der fekk ho m.a. orientering om samarbeidet mellom skulen og næringslivet og om Kompetansesenteret for CNC og robot.
 Etter ein kort lunsj fekk statsråden ei omvisning i det nye bygget, med hovudvekt på den nye verkstadhallen.

På Kompetansesenteret helsa ho på ein del av elevane og fekk sjå CNC-maskiner og robotar i praktisk bruk. Mellom anna fekk ho servert sjokoladekake av ein robot. 

Etter omvisninga hadde ho eit kort møte med heile elevrådet ved skulen. Dei fekk koma med sine synspunkt på korleis dei opplever skulekvardagen, og statsråden lytta interessert til innspela.
Til slutt var alle elevane samla i atriet der ho hadde ein "apell" til elevane! 

Sist oppdatert fredag 25. mars 2011
Les meir…